Formålet

 ASK er eit utviklings- og forskingsprosjekt som skal undersøke om auka fysisk aktivitet i samspel med dei tradisjonelle faga påverkar skuleprestasjon, trivsel og helse. ASK blir gjennomført fordi det i dag er utilstrekkeleg kunnskap om korleis auka fysisk aktivitet i skulen verkar inn på skuleprestasjon, skuletrivsel og helsevariablar. Denne kunnskapen er viktig både i eit læringsperspektiv og eit førebyggande folkehelseperspektiv.

Prosjektgruppa

ASK sitt leiarteam ved HiSF er prosjektleiar Sigmund A. Anderssen og prosjektkoordinator Geir K. Resaland. Prosjektet er eit samarbeid mellom HiSF, dei fire skuleregionane og kommunane i fylket. I tillegg er ei rekke nasjonale og internasjonale samarbeidspartnarar med.

metode

ASK er ein sju månadar klynge-randomisert kontrollert studie. 1129 elevar i 5.klasse frå 57 grunnskular i Sogn og Fjordane blei klynge-randomisert på skule i enten intervensjonsgruppe eller i kontrollgruppe. Elevane i dei 28 intervensjonsskulane deltok i i intervensjonen mellom november 2014 og juni 2015.

ask-modellen

ASK intervensjonen består av tre komponentar (totalt 165 min / veke):
1) Fysisk aktiv læring (3 x 30 min kvar veke) ute i skulegarden i kjernefaga norsk, engelsk og matematikk
2) Fysisk aktive pausar (5-minuttaren)
(5 min x 5 dagar kvar veke)
3) Fysisk aktiv heimelekse
(10 min dagleg, 5 x10 min kvar veke)

Kontaktskjema

Følg oss på facebook